Plante- og husdyrproduksjon

er det største faget med to undervisningskveldar i veka. To lærarar har ansvar for kvar sin del, ein for plante- og ein for husdyrdelen av faget. Vi legg spesielt vekt på dyrking av eng og beite og fôring av drøvtyggarar, storfe og sau.

Planteproduksjon

I planteproduksjon legg vi vekt på desse tema:

  • Jorda som grunnlag for plantevekst
  • Næringsstoff, husdyrgjødsel og kunstgjødsel, kalk og kalking
  • Gjødselplanlegging på eigen gard
  • Grøfting
  • Grasdyrking og ensilering
  • Beitedyrking
  • Ugras og plantevern, plantevernkurs/sprøytesertifikat
  • Potet og korndyrking

Husdyrproduksjon

I husdyrproduksjon legg vi vekt på desse tema:

  • Næringsstoff, fordøyelse og fôr til einmaga dyr og drøvtyggjarar, grovfôr og kraftfôr
  • Fôring og stell av kalv, kviger og mjølkeku, kusignalkurs
  • Fôring og stell av sau
  • Fôring og stell av gris
  • Kjøttproduksjon på storfe, ammeku
  • Dyrevelferd og smittevern i eigen buskap
  • Avl med vekt på storfe
  • Sjukdomar på storfe, gris og sau
  • Bygningar og bygningsplanlegging

Vi gir ei innføring i Tine Opti-fôr og Skifteplan som eksempel på digitale verktøy i plante- og husdyrproduksjonen.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.