Økonomi og driftsleiing
Økonomi
I økonomi arbeider vi med økonomien i ulike landbruksproduksjonar og ser på korleis investeringar, vedlikehaldskostnader, arbeidsinnsats og ulike tiltak påverkar det økonomiske resultatet.
Aktuelle tema:
- Rekneskapsforståing der vi går gjennom oppbygging og samanheng i eit rekneskap og legg grunnlaget for å kunna nytta rekneskapet i aktiv økonomistyring.
- Kostnader med innleigt arbeidskraft
- Skatte- og trygdemessige forhold.
- Økonomisk vurdering av vedlikehald og investeringar på garden og korleis vi skal finansiere dette.
- Risikovurdering og tiltak som kan redusera risiko.
- Vurdering av lønsemd og tiltak som kan betre det økonomiske resultatet.
- Utarbeiding av produksjonskalkylar og femårig driftsplan for eigen gard.
Driftsleiing
I driftsleiing arbeider vi med leiarrolla knytt til arbeid og produksjon i landbruket.
Aktuelle tema:
- Kort innføring i landbrukshistorie som bakgrunn for faget.
- Kva er leiing av eit enkeltpersonføretak?
- Internasjonal landbrukspolitikk og konsekvensar for norsk landbruk
- Anna verksemd knytt til garden
- Kva gjer vi når rammevilkåra blir endra?
Dette blir belyst i klasserommet og gjennom utferder.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.
Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.
Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.