Realkompetansevurdering

Alle søkjarar over 25 år som har brukt retten sin til vidaregåande utdanning, må legge fram ei realkompetansevurdering i dei fem faga (eller dei faga du ønskjer å ta) på Vg3 Landbruk for å bli tatt opp ved skulen. (Privatskulelova § 3.1.) Vinterlandbruksskulen på Jæren har ikkje høve til å gi deg opplæring i skulefag der du har tilsvarande kompetanse frå før.

Dette blir utførd av den fylkeskommunen som du har heimstadadresse i. I praksis vil det oftast vera Rogaland fylke, men for enkelte elevar Agder eller Vestland.

Når vi har mottatt søknaden din, vil vi senda deg informasjon om korleis du praktisk skal kontakta fylkeskommunen si opplæringsavdeling og be dei foreta ei slik vurdering. Ein av deira fagkonsulentar vil gjennomføra vurderinga ut frå læreplanmåla i dei ulike faga.

Når vi får resultatet av denne vurderinga, vil du bli tatt opp som elev ved Vinterlandbruksskulen i dei faga der du ikkje har tilsvarande kompetanse frå før.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.