Gardsdrift
I gardsdrift arbeider vi med forvalting av verdiar, produksjonsapparat og naturressursar på garden ut frå omsynet til økonomi, regelverk og etiske prinsipp. Faget skal gi ei grunnleggjande økonomisk forståing. Aktuelle tema:
- Produksjonstilskot, offentleg virkemiddelbruk og andre støtteordningar.
- Kva påverkar økonomien i ulike produksjonar.
- Dekningsbidrag, driftsresultat og andre aktuelle lønsemdsmål for å vurdere økonomien på garden.
- Leige, forpakting, kjøp og overdraging av landbrukseigedom.
- Selskaps- og samarbeidsformer i landbruket der vurdering av samdriftsavtale er aktuelt.
- Helse og rett bruk av kroppen for bonden.
- Energiøkonomisering og bruk av fornybar energi.
- Kartlegging av ressursane på garden og utarbeiding av eigne målsettingar for gardsdrifta.
- Nyetablering med utarbeiding av forretningsplan for ei tilleggsnæring.
- Rettar og plikter for både arbeidsgivar og arbeidstakar.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.
Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.
Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.