Vinterlandbruksskulen på Jæren Bli agronom

Vinterlandbruksskulen på Jæren er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gi kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.

Ved Vinterlandbruksskulen vil vi arbeida for å gi elevane relevant og framtidsretta opplæring med fokus på:

  • forvalting av matjord og naturressursar for berekraftig matproduksjon
  • god dyrevelferd
  • kunnskap til å gjera gode vurderingar
  • driftsleiing; fagleg og personleg utvikling som grunnlag for lønnsam drift

Vi vil utdanna dyktige matprodusentar.

Agronomutdanninga

Skulen er lokalisert i leigde kontor saman med Geno på Særheim. Undervisninga føregår på Veksthusloftet på Særheim og på Helleland Grendehus.

Undervisningsopplegget er spesielt lagt til rette for nyetablerte og framtidige bønder, men passar òg godt for ungdom som ønskjer å arbeide i nær tilknyting til landbruket.

Undervisninga skjer i hovudsak på kveldstid måndag – torsdag, men du må rekne med 2-3 dagar med undervisning på dagtid i kvart fag. Slik undervisninga nå er lagt opp, må du ta agronomutdanninga over to eller fleire år. Du kan velje å ta eitt eller fleire av programfaga om gongen.

Når du har teke alle fem faga, blir du agronom.

Brit-Helen

Kontakt oss

T: 51 22 74 50
E: post@vlj.no

Postvegen 212
4353 Klepp Stasjon

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Agronomutdanning

Agronomutdanninga fører fram til eksamen i alle faga som du treng for agronomutdanning etter godkjend læreplan i felles programfag Vg3 Landbruk under utdanningsprogram for Naturbruk.

Ved Vinterlandbruksskulen kan du velje å ta dei ulike programfaga kvar for seg eller fleire om gongen, slik at du kan ta agronomutdanninga over to eller fleire år.