Opptakskrav

Kravet til opptak ved skulen er at eleven må ha fylt minst 19 år, i tillegg må han/hun ha minst eit halvt års jordbrukspraksis.

Du kan ikkje søkja opptak ved skulen medan du går i lære (ikkje har avslutta vidaregåande opplæring), men du kan likevel søkja skulen hvis du skal ta fagprøven før skulestart i august det året du søkjer. Du vil då kunne bli tatt opp etter at fagprøven er bestått.

Søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring eller er over 25 år, må gjennom ei realkompetansevurdering frå fylkeskommunen før dei kan bli tatt opp som elevar. I praksis gjeld det nesten alle søkjarar. Sjå meir om dette under eige punkt i menyen.