Agronomutdanninga

Agronomkurset fører fram til eksamen i alle faga som du treng for agronomutdanning etter godkjend læreplan i felles programfag Vg3 Landbruk under utdanningsprogram for Naturbruk.
Ved Vinterlandbruksskulen kan du velje å ta dei ulike programfaga kvar for seg eller fleire om gongen, slik at du kan ta agronomkurset over to eller fleire år.

Undervising

Undervisinga er på Øksnevad i Klepp.
Undervisinga vil gå på kveldstid, normalt 18.00 - 21.30, med enkelte utferder og praktiske øvingar på dagtid tysdagar og laurdagar.

Undervisinga startar omkring 20. august og vert avslutta midt i april året etter. Resten av skuleåret vert nytta til praksisopplæring på eigen gard, eller på godkjend vertsgard. Skuleåret sluttar med eksamenar i mai/juni.

Lærebøkene er gratis. Dersom du tek meir enn 50% av kurset i løpet av eit skuleår (2-3 programfag), kan du søkje om lån og stipend i Statens lånekasse det aktuelle året.

Det er ein eigenandel på kr 1.500 pr. fag,For plante- og husdyrproduksjon kr 3.000.

Undervisingsopplegget er spesielt lagt til rette for nyetablerte og framtidige bønder, men passar òg godt for ungdom som ønskjer å arbeide i nær tilknyting til landbruket.

Som elev må du ha tilgang til eigen berbar datamaskin eller nettbrett. Det vil bli utstrekt bruk av den internettbaserte læringsplattforma "It's learning".

Skulen må ta atterhald om at det melder seg eit tilstrekkeleg tal elevar for å kunne gi tilbod om opplæring i kvart enkelt programfag.

Elevpraksis

Den praktiske delen av opplæringa kan du gjennomføre på heimegarden din, eller på ein gard som skulen godkjenner som praksisplass.

Gards- og bedriftsbesøk og fagturar har ein viktig plass i opplæringa.