Kven er elevane våre?

Den typiske eleven ved Vinterlandbruksskulen er ei kvinne eller ein mann i midten/slutten av tjueåra som før eller seinare skal overta ein gard i området.

Dei fleste har gjerne ei fagutdanning med fagbrev frå før, men vi har òg elevar med høgare utdanning innan undervisning, helse eller økonomisk/tekniske fag.

Dei fleste er i fullt arbeid og kombinerer utdanninga her med yrkes- og/eller familieliv så godt dei kan.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil vite meir? Kontakt oss på telefon 51 22 74 50 eller e-post post@vlj.no.

Du kan òg nå oss via kontaktskjema. Fyll ut skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.

Fyll inn skjema så tar vi kontakt med deg så snart som mulig.