Vinterlandbruksskulen på Jæren

er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gje kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.

Stiftelsen Vinterlandbruksskulen på Jæren fører vidare eit interkommunalt samarbeid om landbruksopplæring som starta i 1911. 12 kommunar står nå bak skulen, og kommunestyret i kvar kommune oppnemner kvar sin medlem til styret for skulen. Dei 12 kommunane er Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hå, Klepp, Lund, Sandnes, Sirdal, Sola, Sokndal, Stavanger og Time.

Skulen er godkjend etter lov om private skular med rett til statstilskot, og tilbyr for tida agronomutdanning på grunnlag av godkjend læreplan i felles programfag Vg3 landbruk, under utdanningsprogram for naturbruk. Formålet til skulen er å gje ei god tilpassa opplæring til vaksne som ønskjer slik utdanning. Skulen har 60 godkjende elevplassar.

Skulen er lokalisert i leigde lokale ved Øksnevad vidaregåande skule og undervisingslokala er i denne skulen sine undervisingsbygg. Skulen er ein del av Landbruksparken Særheim.
Vinterlandbruksskulen på Jæren

er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gje kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.
Les mer

Rogaland landbrukspark
Rogaland landbrukspark
It's leanrning
It's leanrning