Realkompetansevurdering ved VLJ

Alle søkjarar som har brukt retten sin til vidaregåande utdanning må legge fram ei realkompetansevurdering i dei fem faga (eller dei faga du ønskjer å ta) på Vg3 Landbruk for å bli tatt opp ved skulen. (Friskulelova § 3.1.) Vinterlandbruksskulen på Jæren har ikkje høve til å gi deg opplæring i skulefag der du har tilsvarande kompetanse frå før.
Dette blir utførd av den fylkeskommunen som du har heimstadadresse i. I praksis vil det oftast vera Rogaland Fylke, men for enkelte elevar Vest-Agder eller Hordaland.
Når vi har mottatt søknaden din vil vi senda deg informasjon om korleis du praktisk skal kontakta fylkeskommunen si opplæringsavdeling og be dei foreta ei slik vurdering. Ein av deira fagkonsulentar vil så kontakta deg og gjennomføra vurderinga ut frå læreplanmåla i dei ulike faga.
Når vi får resultatet av denne vurderinga vil du bli tatt opp som elev ved Vinterlandbruksskulen i dei faga der du ikkje har tilsvarande kompetanse frå før.
Vinterlandbruksskulen på Jæren

er ein skule med rike tradisjonar. Det overordna målet er at Vinterlandbruksskulen skal gje kunnskap, inspirasjon og framtidstru til landbruksnæringa.
Les mer

Rogaland landbrukspark
Rogaland landbrukspark
It's leanrning
It's leanrning