Om faga

<center>Plante- og husdyrproduksjon</center>
Plante- og husdyrproduksjon
<center>Utmark og kulturlandskap</center>
Utmark og kulturlandskap
<center>Gardsdrift</center>
Gardsdrift
<center>Traktor og maskinar</center>
Traktor og maskinar
<center>Økonomi og driftsleiing</center>
Økonomi og driftsleiing

Plante- og husdyrproduksjon

Faget består av to delar, planteproduksjon og husdyrproduksjon med to lærarar som er ansvarlege for kvar sin del. Dei to delane heng likevel saman, særleg tydeleg er det når det gjeld dyrking av gras og beite og bruken av grovfôr til storfe og sau.

I plante arbeider vi med å kunne forstå korleis rett bruk av gjødsling, rett stell av jord og planter og rett bruk av plantevernmiddel kan medverka til best mulig resultat i planteproduksjonane på garden. Undervisninga legg hovudvekt på grovfordyrking.

Vi skal lære å kjenne igjen ulike jordtypar og kva eigenskapar dei ulike jordtypane har som dyrkingsjord. Vi går inn på korleis jord er bygd opp med mineralpartiklar (leir, silt, sand), mold, luft, vatn og jordliv, og korleis dette påverkar jorda som dyrkingsjord. Vi ser også på korleis maskinbruk og grøfting påverkar jordkvaliteten.

Vi skal lære meir om ulike næringsstoff og korleis dei oppfører seg i jord og planter. Vi kjem også til å gå inn på korleis ein kan utnytte næringsstoffa best mulig i gjødslinga slik at ein får best mulig avling og minst mulig forureining.

Vi vil ta utgangspunkt i dykkar eigne gardar og rekne på kor mykje næringsstoff som ein kan få frå jord og husdyrgjødsel, og eventuelt kor mykje mineralgjødsel ein må kjøpe. Vi ser og på berekning og verknad av kalk. Vi reknar først litt manuelt, seinare på data.

Du vil lære meir om dei viktigaste plantene vi dyrkar med hovudvekt på grovfordyrking. Vi ser på ulike eigenskapar og stell av ulike grastypar. Vi kjem også innom rotvekstar, korn og potet.

Vi ser på korleis vi kan bruke plantevernmiddel på ein rett måte. Du lærer om ugras, sjukdom og skadedyr i dei viktigaste kulturane. Du vil få tilbod om å ta sprøytesertifikatet.

Vi ser og på kva krav som blir sett frå myndigheiter og andre, for å kvalitetssikre ulike produksjonar.

I husdyr arbeider vi med å kunne forstå korleis godt stell, rett fôring, medvite avlsarbeid og god dyrevelferd kan medverke til best mulig lønsemd i husdyrproduksjonane på garden. Undervisinga legg hovudvekt på storfe, sau og gris.

Vi skal lære å "lese dyra", forstå kva vi ser, og gjere dei tiltaka som er nødvendige.

Dyrevelferd er eit eige tema som vi og kjem innom under arbeidet med kvart dyreslag. Vi går inn på hovudinnhaldet i Dyrevelferdslova og forskrifter for kvart dyreslag.

Vi legg vekt på å forstå fordøyinga hjå einmaga og fleirmaga dyr, og korleis vi ut frå denne kunnskapen vel fôrmiddel, gjennomfører praktisk fôring og driv førebyggjande helsearbeid. Vi finn fôrbehovet til dyr i vekst og produksjon, og sett opp plan for korleis ein kan dekke dette med bruk av fôrressursar frå garden og innkjøpt fôr.

Vi ser på kva slag informasjon som fôranalysar gir om kvaliteten på grovfôr, og korleis vi kan velje rett kraftfôr til ulike grovfôrkvalitetar til mjølkeku, slakteoksar, ammekyr og sau.

Vi arbeider for å forstå korleis dyra sine eigenskapar blir ført vidare frå ein generasjon til den neste, og korleis ein gjennom avlsarbeid kan påverke desse eigenskapane.

Du skal lære å kjenne dei vanlegaste husdyrsjukdomane, og korleis du kan drive aktiv førebygging gjennom gode driftsløysingar og rutinar.

Vi skal sjå på bygningsløysingar og drøfte innreiing, ventilasjon og bygningstypar for aktuelle dyreslag.

Vi gir ein innføring i Tine Opti-fôr og Geno avlsplan som eksempel på digitale verktøy i husdyrproduksjonen.


Utmark og kulturlandskap

I utmark og kulturlandskap arbeider vi med produksjon, skjøtsel og næringsaktivitet med utgangspunkt i skog, utmark og kulturlandskap med følgjande tema:

Bruk av utmarka og kulturlandskapet med spesiell vekt på kystlynghei. Vi tar utgangspunkt i utferder til aktuelle område og tar for oss Naturmangfoldslova, raud- og svartelisting av artar med vekt på artar som er aktuelle på Jæren og i Dalane slik som svarthalespove, vipe, lerke, salamander, jærtistel m.fl.

Fleirbruk av naturressursane (utmark og kulturlandskap). Teori og synfaring ute i kulturlandskapet, med vekt på konfliktar mellom bruk og vern.

Kjennskap til og skjøtsel av skog. Teori og synfaring ute i skogen.

Stell og bruk av motorsag og sikkerhet rundt dette. Teori og praksis med skruing på eiga sag og hogst av tømmer.

Juletreproduksjon og leplanting.

Viltkjennskap og viltforvaltning. Rovdyr og rovdyrproblematikk med utgangspunkt i situasjonen i forvaltningsområde 1 - vårt område.

Forvalting av innlandsfiske. Teori og ein dag med garnfiske og kontroll av fiske og fiskevatnet.

Gardsdrift

I gardsdrift arbeider vi med forvalting av verdiar, produksjonsapparat og naturressursar på garden ut frå omsynet til økonomi, regelverk og etiske prinsipp. Faget skal gje ei grunnleggjande økonomisk forståing. Aktuelle tema:

Offentleg virkemiddelbruk og støtteordningar, der vi mellom anna lærer å rekne ut produksjonstilskota for eigen gard.

Leige, forpakting, kjøp og overdraging av landbrukseigedom blir grundig drøfta.

Vi ser på selskaps- og samarbeidsformer i landbruket der vurdering av samdriftsavtale er aktuelt.

Helse og rett bruk av kroppen for bonden.

Utarbeide og bruke miljøplan. Vi lagar miljøplan for eigen gard.

Energiøkonomisering og bruk av fornybar energi. På dette området skjer det mykje nytt.

Vi skal rekne ut dekningsbidrag, driftsoverskot og andre aktuelle lønsemdsmål for å vurdere økonomien på garden.

Vi skal sjå på kva som påverkar økonomien i ulike produksjonar, og korleis vi kan setje opp kalkylar.

Vi skal arbeide med kartlegging av ressursane på garden og med eigne målsettingar for gardsdrifta.

Nyetablering med utarbeiding av forretningsplan for ei tilleggsnæring skal vi arbeide ein del med.

Rettar og plikter for både arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vi òg sjå litt på.

Traktor og maskin

Dette er faget for dei som vil læra meir om traktor og maskinar. Gjennom undervisning, praktiske øvingar og bedriftsbesøk går vi gjennom mykje av dei maskinane som vert nytta i landbruket. Målet er at de skal læra korleis maskinane vert nytta, og korleis dei skal vedlikehaldas.

Dei som har liten eller ingen erfaring i bruk av traktor, får ei enkel opplæring i dette.

Det vert gjennomført godkjent kurs i varme arbeid. Vi har praktiske øvingar i sveising og varming, samt å utføra enkle reperasjonar.

Undervisninga har ei praktisk tilnærming der målet er at ein skal ha nytte av det ein lærer i kvardagen. Det vert lagt vekt på å kunna vurdera ulike maskinar, fordelar og ulemper med dei, og korleis dei påverkar økonomi og miljø.

Aktuelle tema som vert drøfta:

Traktor og transport

Grashausting

Så og gjødsel

Korn og halmberging

Poteter og rotvekstar

Jordarbeiding (tromling)

Plantevern (beitepussing)

Økonomi og Driftsleiing

I økonomi arbeider vi med økonomien i ulike landbruksproduksjonar og ser på korleis investeringar, vedlikehaldskostnader, arbeidsinnsats og ulike tiltak påverkar det økonomiske resultatet. Aktuelle tema:

Økonomisk vurdering av vedlikehald og investeringar på garden og korleis vi skal finansiere dette.

Utarbeiding av produksjonskalkylar og driftsplan for eigen gard.

Vurdere lønsemd og tiltak som kan betre det økonomiske resultatet.

Rekneskapsforståing og skatte- og trygdemessige forhold.

Risiko og forsikring av personar og eigedelar på garden får vi gjennomgått av eit forsikringsselskap.


I driftsleiing arbeider vi med leiarrolla knytt til arbeid og produksjon i landbruket. Aktuelle tema:

Kort innføring i samfunnsøkonomi og landbrukshistorie som bakgrunn for faget.

Norsk og internasjonal landbrukspolitikk.

Vurdering av val av foredlings- og omsettingsformer av produkta frå garden, der kunnskap om landbrukssamvirket inngår som ein viktig del.

Kvalitetssikring i landbruket - KSL der også helse, miljø og sikkerhet - HMS høyrer til. Vi lagar plan for eigen gard.

Utarbeiding av produksjonsplanar og tilpassing av produksjonane til endringar i rammevilkåra.

Vi vil som ein viktig del av undervisninga, reise ut på bedriftsbesøk eller hente inn aktuelle fagpersonar for å gjere kunnskapen meir variert og tidsaktuell.

<center>Plante- og husdyrproduksjon</center>