Lånekassen

Som elev på Vinterlandbruksskulen kan du søkja om lån og stipend frå Lånekassen, men følgjande vilkår må vera oppfylt:

Du må ta ein kombinasjon av modular som til saman utgjer meir enn 50 % av fagtilbodet 1. året ved VLJ. Dei ulike modulane er vekta slik: Plante- og husdyr 34 %, Gardsdrift 17 %, Utmark og kulturlandskap 14 %, Traktor og maskinar 14 % og Økonomi og driftsleiing 14 %.

Kombinasjonen Plante- og husdyr saman med Gardsdrift utgjer 51 % og vil gi grunnlag for stipend og lån i Lånekassen. Fleire andre kombinasjonar vil og kunne utgjera meir enn 50 %.